Informasjon


Orientering om dåp

For å starte utfyllinga treng du eit 11-sifra fødselsnummer. Dersom de ikkje har fødselsnummeret til barnet enno, kan de bruke dykkar eige. De vil få ein kode på SMS for å komme vidare i prosessen.
Vel kyrkje og dato der det er ledig plass.
I første omgang er det nok å fylle inn namn på barnet og kontaktinformasjon til dykk foreldre. Har de ikkje bestemt namn på barnet enno, kan de likevel sende inn påmeldinga.
Når dato for dåpen er stadfesta, kan de seinare gå til «Eg vil opne ei registrering» og oppdatere opplysningane, til dømes med namn på fadrar. Bruk same person- og telefonnummer som ved første innlogging.

NB! Om de ønskjer å endre dato, må de ta kontakt med oss. Vi kan nåast på e-post kyrkjekontoret@aukra.kommune.no eller telefon 468 40 719 alle kvardagar mellom kl. 10.00 og 14.00.

Opplysningane vi samlar inn i samband med dåpen, vil bli brukte til oppfølging av dåpen.